|
Gjesdal og Korsvoll Konger
er Noregsmeistrar.
|
Oslo dominerte som vanleg klassen for barneskulelag. Alle
laga på pallen kjem frå hovudstaden. Korsvoll Konger gjekk heilt
til topps med Karlsrud og Kringsjå Konger på dei neste plassane.
Stangeland og Vedavågen 1 kom på 4. og 5. plass. Begge desse er
frå Rogaland.
Før dagens to rundar leia Sandnes 1 med 1,5 individuelle poeng
på Gjesdal. Etter 4. runde var leiinga krympa til fattige 0,5
poeng. Gjesdal møtte Sandnes 2 i siste runde, og det såg lenge
ut til at Sandnes 2 skulle klara å ta individuelle poeng mot
favorittane. Etter lengre tids kjemping og fleire avslåtte
remistilbod enda det med 4-0 siger til Gjesdal. Sandnes 1 måtte
då vinna med dei samme sifra mot Alta. Her vart det utkjempa
harde kampar på alle bord som bølga fram og tilbake lenge. Då
kruttrøyken hadde lagt seg viste tavla 3-1 siger til Sandnes 1.
Med dette vart Gjesdal Noregsmeistrar med knappast mogleg
margin, 0,5 individuelle poeng.
Komplette
resultatlister finn de her.
|
| (05.05.07) 5. runde (3. for u-skule) |
I dagens første oppgjer møtte Gjesdal Alta til dyst.
Dette enda med 3,5 -0,5 siger til favorittane frå Rogaland.
Heimahåpet Sandnes 1 tok ein ny overbevisande 4-0 siger. Dagens
andre runde i klassen gav ingen avklaring i u-skulen. Gjesdal og
Sandnes 1 spelte her 2-2. I b-skuleklassen har Korsvoll Konger
(Oslo) tatt leiinga med eitt lagpoeng framfor Stangeland
(Rogaland) og Karlsrud (Oslo). Komplette
resultatlister med oppsett for neste runde finn de
her. Første runde
på søndag startar klokka 08:45
|
| (04.05.07) 2. runde |
Etter to runder begynner Oslo laga å ta føringa i klassen
for barneskulelag. Heilt på topp tronar Korsvoll Konger med full
score, 4 lagpoeng og 8 individuelle poeng. I klassen for
ungdomsskulelag vann Sandnes 1 internoppgjeret mot Sandnes 2 med
sifra 4-0. Dette vart og resultatet mellom Alta og Bjørkelangen.
Det tredje oppgjeret i klassen enda med 3-1 siger til
fjorårsvinnarane Gjesdal over Nord-Odal. Komplette
resultatlister med oppsett for neste runde finn de
her. Første runde
på laurdag startar klokka 09:00
|
| (04.05.07) 1. runde |
Resultat frå 1. runde finn de
her. Meir oppdatering kjem seinare i kveld.
|
| (04.05.07) Transport |
Om de har spørsmål, eller det oppstår forseinkingar i
forbindelse med transport til Masfjorden
i dag, ta kontakt på dette telefonnr.:
Bjørn Benjaminsen: 47 39 80 90
|
| (30.04.07) Påmelde spelarar |
Me har no lagt ut namna på dei påmelde spelarane på kvart
lag. Link til dette finn de i lagnamnet på sida for påmelde lag.
Me gjer merksame på at dette er ei liste over påmelde spelarar.
Ikkje nødvendigvis lagoppstilling.
|
| (30.04.07) Reglar for lagkapteiner. |
Då det er kun 6 påmelde lag i klassen for ungdomsskulelag
vil denne klassen bli spelt som ein enkel Berger. Det vil seie
at runde 1 og 4 går ut for desse.
Ellers oppfordrar me alle lagkapteiner å setja seg inn i NSF
sitt
reglement for lagkapteiner.
|
| (13.04.07) Transport til og frå Bergen. |
| Me gjer merksame på at dei som ynskjer å nytta oppsatt
busstilbod frå Bergen fredag 4. mai med retur til Bergen sundag
6. mai, må tinga dette på førehand. Dei som enda ikkje har meldt
seg på, kan føra dette opp i feltet "Anna" i påmeldingsskjemaet.
Dei som allerede har meldt seg på og ikkje bestillt transport,
kan senda nytt påmeldingsskjema der dei fyller ut feltet for
lagets namn og ellers skriv inn antall personar som skal ha
transport i feltet "Anna". Betaling, 200,- pr. pers
tur-retur, skal gjerast til kontonr.
3635.50.17782. |
|